Brest Maritime Festival:

Spektakulær fransk utgang på Norges dag

Spektakulær fransk utgang på Norges dag

Som æresgjest er Norge sterkt representert på Brest Maritime Festival med blant anna båter og tradisjonelle båtbyggjarar. Sundag var det Norges Dag.

Publisert

Dagen opna med seminar i regi av Forbundet Kysten. Eivind Falck frå Norsk Handverksutvikling orienterte om korleis ein arbeider for å auka statusen for den immatrielle kulturarven. Dette arbeidet kan på sikt føra til UNESCO-status for til dømes tradisjonell båtbyggjing.

Deretter fekk John Robinson frå European Maritime Heritage ordet og orienterte om deira arbeid for å sikra europeisk kulturarv gjennom maritime kultur arrangement, eit kjend døme her er Tall Ships Race som kjem innom Bergen i august.

Neste innleiar var Jon Godal som inviterte på eit vandrande seminar gjennom den norske utstillinga. Her kunne ein sjå ulike tradisjonsbåttypar som Nordlandsbåt, Geitbåt og Oselvar. Ei rekkje tradisjonelle handverksteknikkar vart demonstrert, før dei norske båtane vart sjøsett til applaus frå tusenvis av tilskodarar.

Alle dei norske båtane vart defilert i den indre hamna før dei segla i lag med fleire hundre andre skip og båtar i den ytre hamna. Då kveldsmørket kom var det formasjonsseglas med nærare hundre skip som vart opplyst av lyskastarar. Ein spektakulær måte å visa fram kystkultur på som mange arrangørar kunne henta inspirasjon frå.