International Knarr Championship i Bergen

Mot knall veke for Knarr-folket

Mot knall veke for Knarr-folket

I Bergen går det 40. internasjonale Knarr-mesterskapet av stabelen denne veka med Bergens Seilforening som arrangør. 21 lag frå knarrmiljøa i San Fransisco, København, Oslo og Bergen er klar til ei veke med segling og eit omfattande sosialt program.

Knarren vart konstruert i 1943 av Erling Kristofersen (1896-1956). Båttypen var fyrst kjend under namnet 22 m² læsterbåt. Båten måler 9,25 m og er 6,21 m i vannlinja, breidda er 2,12 m og djupgongen er 1,39 m. Båten har ei fokke på 9 m² og eit storsegl på 17,6 m². Båten vert segla med eit mannskap frå 2-4 personer.

VELKOMST. Fredag kveld var det velkomstsamling på Fana Folkehøgskule og laurdag kunne regattasjef Magne Sandtorv setja i gong ein oppvarmingsseglas på Raunefjorden.

I feltet finn ein tre lag frå San Fransisco, fire frå København, fem frå Oslo og ni lag frå Bergen. Fyrst i mål var to danskar, Søren Pehrson framfor Lars Gottfredsen med Jon Perkins på tredje plass.

Etter seglinga var det høgtideleg seremoni med flaggheising og nasjonalsongar på land i Kvitturspollen.

Dei teljande seglasane starta sundag og går føre seg på Korsfjorden, ein krevjande fjord med eit avansert straumsystem og ikkje minst store djupner, meir enn 600 meter fleire stader. Krevjande forhold er noko Knarr-seglarane bør takla bra, då klassen plar halda eit høgt nivå.

Det er nok å nemna at mellom dei 21 deltakarlaga finst ein tidlegare amerikansk Sailor of the year og ein tidlegare verdsmeister i Yngling. Mellom førehandsfavorittane må reknast Jon Perkins frå San Fransisco som vann IKC i 2005 og den danske IKC-mester frå 2006, Søren Pehrsson, men ein skal heller ikkje gløyma heimefavoritten Johan Hvide, som nyleg vann årets Knarr-NM i Oslo.