International Knarr Championship i Bergen

Dobbelt dansk – og så amerikansk

Dobbelt dansk – og så amerikansk

Det vart til slutt danske Lars Gottfredsen som vann IKC framfor landsmannen Søren Pehrsson. Amerikanske Jon Perkins som leia halvvegs måtte ta til takke med bronsemedalje.

Publisert Sist oppdatert

Det vart til slutt danske Lars Gottfredsen som vann IKC framfor landsmannen Søren Pehrson. Amerikanske Jon Perkins som leia halvvegs måtte ta til takke med bronsemedalje.

Laurdag var forholda perfekte med stødig nordleg vind 4–5 m/sek og temperatur på over 20 grader. Betre kan det ikkje bli!

Gottfredsen slo til med siger i det siste løpet og Pehrson tok andre plass. Dermed passerte dei to danskane Perkins i samandraget og viste kvar den store bøtta skal stå det neste året. Beste norske var arrangørforeningen sin eigen Carl Fredrik Joys på fjerde plass.

Fullstendige resultat frå IKC finn du her.

Bildegalleri finn du her.