NM i Oselvar

Skal kåre norgesmester i Norges nasjonalbåt

Skal kåre norgesmester i Norges nasjonalbåt

Kåringen av Oselvaren som Norges nasjonalbåt i 2009 har gitt ny giv i Oselvar-miljøet.

Publisert Sist oppdatert

PRESSEMELDING:

«14. og 15. august 2010 arrangerer Siglarlaget Njord/Tysnes i samarbeid med Idrettslaget Milde Båtlag, norgesmesterskap for Oselvarar med spririgg. Seglasane finn stad på Bjørnefjorden ved Våge på Tysnes med godt over 20 båtar på startlinja. Arrangøren tilbyr eigen pressebåt som kan henta og bringa på ferjekaien i Våge. Ved spørsmål – nøl ikkje med å ta kontakt.

Oselvar er ein klinkbygd tradisjonell trebåt frå Hordaland. Fyrste gong Oselvaren deltok i regatta var i 1871 og båten har segla regatta kvart einaste år sidan 1889 (unnateke 1940, 1941 & 1942). Oselvaren er såleis ein av verdas eldste regattaklassar. I 2009 vart båttypen kåra til Norges Nasjonalbåt av Redningselskapet. Oselvarmiljøet har difor forplikta seg til å arbeida for betre kår for denne viktige maritime kulturarva, som framleis er merkeleg lite påakta i Noreg. Arbeidet vil ma. gå ut på å fremja moderne bruk av båten og styrkja det båtfaglege samarbeidet mellom ulike tradisjonsbåtmiljø i Noreg, slik at tradisjonsbåtane kan få den plassen dei fortener i kulturhistoria.

Oselvaren er ein krevjande regattabåt, for å sigle han godt krevst erfaring, kunnskap og mykje trening. Klassen har sidan år 2000 hatt klassereglar skriven etter det internasjonale seglforbundet sin mal. Båtane er rigga og utstyrt fullt ut som konkurransebåtar, på lik linje med moderne jollar og kjølbåtar. Oselvaren byr på alle dei utfordringar som ein regattasiglar måtte ynskja seg. At båttypen både er eit bindeledd attende til lenge før statsdanninga og byr på tettare kappsegling enn mange eintypeklassar er unikt i både norsk og internasjonal samanheng.

2010 = jubileumsår. 2010 er eit stort jubileumsår for Oselvaren. Årets NM-arrangør Siglarlaget Njord/Tysnes feirar sitt 75 årsjubileum i 2010. Oselvarklubben vart stifta 27. august 1945 under namnet Bergen og Hordaland Seilersamband. Seilersambandet tok hand om terminliste, dommaropplæring, klassereglar, appellsaker og PR-tiltak og var med eit regionalt seglarforbund i Hordaland lenge før Norges Seilforbund vart stifta i 1970. I 2010 feirar klasseklubben 65 årsjubileum samstundes som Oselvaren seglar sitt 30. Norgesmesterskap, og attåt dette feirar Siglarlaget Njord/Tysnes sitt anlegg Njordstø sitt 25 årsjubileum òg.»