RAN Eintype Regatta

Friske og hendelsesrike regattadager

Friske og hendelsesrike regattadager

Ran Seilforening håper å ha sådd et entypeklasse-frø med sitt nye arrangement.

Publisert Sist oppdatert

Ran Seilforening har sendt ut denne oppsummeringen, signer Kjell Magnus Økland, etter helgens regatta, RAN Eintype Regatta:

«22 båtar i klassane F18, Melges 24, Express og Yngling deltok i den fyrste utgåva av RAN Eintype Regatta. Tel ein med dei 11 båtane i klubbmesterskapet for T/H så vart dette årets største regattahelg i Ran Seilforening.

Seglarar frå Stavanger, Haugesund, Stord, Bergensregionen, Sunnmøre og Trondheim møttest til sju pølsebaneseglasar på Hjeltefjorden utanfor Bergen. Alt fredag kveld gjekk det fyrste løpet avgårde i 6-8 m/s ein time før solnedgong.

Etter god middag i klubbhuset var det klart for debatt om framtidas eintypesegling på Vestlandet. Her tok så godt som samtlege i salen ordet og kom med gode tankar og innspel på korleis ein kan samarbeide på tvers av klassar for å gjere seglas med like båtar enda meir synlig og attraktivt. Tråden frå debatten vert teken opp vidare seinare i vinter.

Laurdag møtte seglarane 8-11 m/s vind og nokså flatt vatn. Diverre vart det berre avvikla tre løp av di begge bøyebåtane tidvis måtte bistå seglarar som fekk problem. Ved innkomst venta varm suppe i naustet og ein varm dusj, før det vart seglarfest med sjømatbuffèt frå Fana Catering.

Sundag var ein ny vindfull dag med 7-10 m/s og tre fine løp. I tillegg segla Tur og hav-flåten sitt klubbmesterskap på faste merker. Attåt vanleg hamnelogistikk i form av fortøying, nedrigging og kraning, venta varm gryterett og premieutdeling til glade seglarar.

Ran Seilforening vonar med dette å ha sådd eit eintypefrø som kan spire og vekse. Næraste nabo Askøy Seilforening har alt teke utfordringa og vil lage ein liknande regatta på vårparten neste år. Med slik opning og avslutning på sesongen burde det vera godt håp om vekst i fleire eintypeklassar i vest i 2013.

Sjå video, resultat og hundrevis av bilete på regattaen sine nettsider: