RAN Eintype Regatta 2013:

God vind gav glade seglarar

God vind gav glade seglarar

Første båt i mål er vinner i RAN Eintype Regatta. Det er alltid et vellykket prinsipp.

Publisert Sist oppdatert

ÒG TUR & HAV. Laurdag vart det òg avvikla klubbmesterskap for T/H i Ran Seilforening. 12 båtar møtte på startlinja som var eintyperegattaen si startlinje. Båtane vart så sendt ut på eit 16 nautiske mil langt løp på faste merker i vestre del av Hjeltefjorden utanfor eintyperegattaen sitt baneområde. Diverre vart den sørlege vinden noko veikare enn meldt og to av båtane klarte ikkje å fullføra innan maksimaltida.

Klubbmeister og vinnar av Rans klart tyngste vandrepremie vart Silius (Elan 37) med skipper Toril Haugsdal.

FEST. Laurdag kveld samla seglarane seg til seglarfest i klubbhuset til Ran Seilforening. Her vart det forutan deilig koldtbord og premieutdeling for klubbmeisterskapet òg premieutdeling for tysdagsserien Hjeltefjordtrimmen som Ran Seilforening og Askøy Seilforening arrangerer saman frå mai til september. I år har 42 båtar delteke og klassevinnarar vart Ranegutt II med skipper Jan Henrik Nordeide frå Ran i klasse NOR Rating over 1,001, Silius med skipper Toril Haugsdal i klasse 0,931-1,000 og Kompis med skipper Jan Erik Iversen i klasse 0-0,930.»

INTERAKTIVT. Ran Seilforening, som arrangerte RAN Eintype Regatta benyttet seg av Sail Race System, og igjennom en løpende nyhetsoppdatering, bildegallerier og innsendte Instagram-bilder holdt de alle interesserte løpende orientert. Hele regattaen kan også gjenoppleves på regattaens nettside.

Fullstendig resultatliste.