«Kaggekongen»

STARTBÅT: Askøy Seilforenings nye startbåt, «Kaggekongen», fortøyd på plassen sin.
INNE: «Kaggekongen» står for tida i hus, og det skal gjerast litt vedlikehald på båten før han er klar til bruk. Om bord er frå høgre Torbjørn Halvorsen, Arild Rasmussen og Chris Skogen.

Endeleg har vi startbåt!

Det trengs alltid ein startbåt, ein bøyebåt, ein sikringsbåt eller rett og slett ein slepebåt, og no, i 2018, får vi alt saman i ein pakke – ein Mørebas 27!

Publisert Sist oppdatert

Det har lenge vore eit sakn at Askøy Seilforening ikkje har hatt eigen båt til hjelp under regattaer, men har måtta låna båtar av private når vi har arrangert på fjorden.

Styret har i fleire år sett av litt pengar no og då til dette prosjektet, og endeleg, no har vi funne båten vi både hadde lyst på og råd til, ein 27 fots Mørebas frå 1983.

Båten har det mest naudsynte av utstyr og fasilitetar for å gjera teneste ved arrangementa våre. Det er god dekksplass, toalett på hekken, styreposisjon inne og ute, hydraulisk spel, VHF, kartplottar, ekkolodd, varmeapparat og så bortetter, det vil seie det aller meste av det vi treng!

No skal det endeleg bli slutt på å dra opp tunge ilar med handemakt, eller bruka seglbåtane våre som start- og sikringsbåtar!

For at båten skal bli godt teken vare på, har styret vore på utkikk etter ein båtforvaltar til å ha oppsyn med båten, og Arild Rasmussen har no teke på seg denne viktige oppgåva.

Vi kjem til å innføra ei sertifiseringsordning for dei som skal føra båten, og vi er i ferd med å laga eit regelverk for bruk og vedlikehald.

Høgast prioritert bruk er sjølvsagt Askøy Seilforening sine terminfesta regatta­arrangement.

Etter det kjem kurs og trening i foreininga si regi, bruk i samband med arbeid på bryggjeanlegget, utlån til andre foreiningar og så bortetter.

Om ikkje heilt einstemmig, så har styret fastsett namnet til «Kaggekongen». Bakgrunnen for dette flotte (?) namnet er sjølvsagt at Askøy Seilsportsenter ligg i Kaggevikane. Joda, namnet kjem av at renovatørane tømde dokaggane frå alle utedoa i Bergen nettopp her, men det er lenge sidan… Men også at RAN Seilforening tvers over fjorden har ein startbåt som heiter Hjeltekongen, har inspirert namnevalet. Og dei som heller ville kalla båten «Svanen» eller noko i den lei, får trøysta seg med at namnet skjemmer ingen!

Se Askøy Seilforenings foreningssider i SEILmagasinet her..