På tokt med Christian Radich
Når havet og skuter lokkar
Som 15-åring segla Einar Matre over Atlanteren med Christian Radich. I dag jobbar han som styrmann om bord.
Eg hadde søkt om jobb som styrmann om bord på Christian Radich på eit tokt for ungdom som skal prøve sjølivet og meistra ein annleis og krevjande kvardag. «Windjammers» kallar dei prosjektet. Mange nye oppgåver vil gje både lærdom og erfaring til å gå vidare på livsvegen. Eg var sjølv med som skuleskipsgut då eg var 15, på ei reise fram og attende til Amerika.
Eg møtte opp i Harlingen i Nederland med resten av mannskapet i november. Skuta hadde vore på verkstad og gjort unna det årlege verftsopphaldet. Mannskapet som gjekk av hadde stått på for å få skuta klar, men litt arbeid stod att.
Gullabonnement
Blad og digital
795,-
pr. år – 6 utgaver + Norske Gjestehavner
BESTILL HER