Båtguide for Rogaland

Reisemål Ryfylke i Rogaland har nettopp utgitt en ny Båtguide for Rogaland fylke i praktisk A5-format.

Publisert Sist oppdatert

Pressemelding:

Her finst god oversikt over alle viktige fasilitetar for båtfolket; frå tal på gjesteplassar til kortautomat for drivstoff, frå vinmonopol til sykkelutleige. Totalt har Rogaland no over 2000 gjesteplassar.

Ryfylke-fjordane og resten av Boknafjorden i Rogaland byr på noko av det beste av lune øy- og fjord-idyllar i Norge, og no kan ein lett og praktisk leggja opp turen med dette kartet. Kartet er no på veg ut til turistkontora og andre aktuelle plassar i Rogaland og vestlandet.

 

Reisemål Ryfylke har i fleire år hatt eit utviklingsprosjekt for å koma båtturisten sine behov betre i møte, og småbåt-trafikken i fjordane har vist auke. Dette gjer at mange småbutikkar som elles i året yter tenester til lokalbefolkninga no lev betre sommarstid. Mange av desse har godt renomme hjå båtfolket i Rogaland, og fortener å bli betre kjende. Frå Lysefjorden i sør til Sauda i nord finst gode hamnar og erfarne vertar som tek godt vare på gjestene.

 

Mange naturidyllar i fjordane er godt skjulte og må å koma fram!

Ryfylke Friluftsråd er på topp i landet i tilrettelegging og drift av friluftsområde ved sjøen. Reint, ryddig og god plass er stikkord for desse uthamnane.

 

På nettsidene www.ryfylke.com/båtliv finst fleire turforslag og idear for sommaren i båt.

 

Reisemål Ryfylke kan kontaktast for å få kartet tilsendt, eller ein kan lasta det ned frå nett på www.ryfylke.com. Her er og oversikt over lokale festivalar og arrangement som båtfolket kan oppleva: som t.d. Ryfylkedagar på Sand og Pilgrimsvandring Suldal - Røldal, Krabbefestival i Forsand og Norsk Frukt- & Laksefest på Hjelmeland.

 

«Båtguide for Rogaland» må ikke forvelskeles med det rettslig beskyttede begrepet Båtguiden, som er en navnet på et oppslagsverk der årets båter og utstyr presenteres.