VEKST: Det er blitt hentet inn nye gode Ynglinger til landet som gjør at antall regattabåter vokser.

Ynglingklassen vokser

Tross vekst kan det bli en utfordring å få samlet miljøet til NM i Horten 14.-15. september, for miljøene er spredt.

Publisert Sist oppdatert

Pressemelding fra Ronny Rognhaugen for Norsk Ynglingklubb (NYK). 

Sidan 2015 er det importert ein del Ynglingar og siste registrerte båt er NOR 415. Dette er ofte OL-båtar frå 2004 og 2008 som kjem «heim» til Noreg. Desse har stort sett gått til det veksande miljøet på Færder/Hvasser. I sumarregattaene er no rekorden 11 Ynglingar kor ekteparet Espen Stokkeland og Alexandra Kofoed har vist seg vanskelege å slå.  Som VM vinnar i 1991 og OL deltakar i 2004 har dei framleis litt å gå på. I Homborsund, like vest for Grimstad, er det òg observert 5 Ynglingar i regatta i sumar.

Håper på over 20 båter

Det har lenge vore ei utfordring å samla 20 norske Ynglingar på startstreken. Om det var OL statusen som slo ut er usikkert, men fallet i deltaking 2003-2004 var dramatisk. I fjor var me 17, men då fekk me i tillegg hjelp av  sju utanlandske. Ynglingklassen er godt spreidd og det gjer at reisevilja er kritisk. Askøy/Bergen har det største miljøet og meldar at fem båtar kjem til Horten. Det er så mange hengjarar dei har. Trondheim stiller truleg berre med ein båt pga. studentregatta same helg. Kristiansand og Tønsberg er allereie representert på deltakarlista og Horten stiller med fem båtar. Førebels er ingen frå Østfold og indre Oslofjord påmeld.

Flyttet fra Trondheim

Etter eit vellukka EM/NM i Yngling i 2018 er det på nytt samling i Horten 14-15. september 2019. Planen var eigentleg Trondheim, men dei rakk ikkje å få på plass ein arrangementskomité tidsnok. Heldigvis tok Horten over arrangementet på strak arm. Helga før har dei NM for Andunge som oppvarming slik at teknisk sett bør gjennomføringa gå knirkefritt i år òg.

Ikkje la dykk skremme av blanke båtar og gamle laurbær. Ein Yngling frå 1968 eller 2008 skal i prinsippet vera like raska. Resten er opptil oss om bord. Oppfordringa er at nye og gamle Ynglingar finn kvarandre og samlast i Horten i midten av september. Gå inn her for påmelding: 

Nederland dominerer

VM vart i sumar gjennomført i Sheboygan, like nord for Chicago utan norsk deltaking. Internasjonalt er det Nederland som dominerer. Dei har avvikla sitt J/70 prosjekt fordi det vart var for dyrt. Neste år er det VM i Berlin 18-26. juli og NYK planlegg med NM i juni som oppvarming og siste uttak. VM 2021 skal gå i Slovenia.

NM: I 2017 var det 17 båter med i NM. Norsk Ynglingklubb håper på flere i år.