RASKEST: «Winocean» var raskest hjem fra Shetland etter korrigert tid.

Fantastisk hjemtur fra Shetland

Pantaenius Shetland Race seilerne opplevde seiling på sitt beste på returetappen til Bergen.

Publisert Sist oppdatert
RASKEST: «X-fram», kongens gamle ILC40, var raskest hjem på seilt tid.

Årets Pantaenius Shetland Race er unnagjort. 185 seilere i 31 båter har seilt fra Bergen over Nordsjøen og til Lerwick på Shetland.

 

Pressemelding fra Kjell Magnus Økland, For Shetland Race-komiteen

Seglasen vestover starta onsdag 27. juni ved Marstein fyr. Fyrste båt i mål på Lerwick vart NOR 12212 Rubber Duck som brukte 27 timar 47 minutt og 35 sekund på ferda over Nordsjøen. For dette vart båten heidra med det prestisjefylte Blue Ribbon-flagget. Siste båt i mål brukte 38 timar 09 minutt og 56 sekund. For dette vart båten heidra med den populære premien Wooden Spoon.

Forholda på etappen var prega av nokså lett vind frå vest. Vegvala vestover vart såleis avgjerande for utfallet.

Du kan sjå dei ulike båtane sine vegval på trackinga

Returseglasen frå Lerwick til Bergen starta laurdag. Turen vestover gjekk i flott sol og stødig 5-6 m/s vind frå sør. Det var uvanleg god sikt, alt 40 nautiske mil frå Norskekysten kunne ein sjå Folgefonna. Fyrste båt i mål vart den gamle båten til kong Harald, Xfram, som segla over Nordsjøen på 26 timar 24 minutt og 35 sekund. Siste båt i mål brukte 34 timar 52 minutt og 59 sekund.

Årets Pantaenius Shetland Race er også ein del av Viking Offshore Race som held fram til Torshavn på Færøyane og Reykjavik på Island.

Etappen frå Lerwick til Færøyane starta sundag klokka 1200 norsk tid og 5 båtar er no undervegs. Nytt i år var også høvet til å starta på returseglasen sundag frå Lerwick, men berre ein båt valgte dette, Skarven, skipper Per Aga frå Os Seilforening.

 

Resultater Bergen-Lerwick

Over all-liste for alle klassar

1 Amante, skipper Terje Sætre, Nordhordland Seilforening

2 Promineo Racing, skipper Leif Arild Åsheim, Stavanger Seilforening

3 Winocean, Carl Olav Wickmann, Bergens Seilforening

 

Klasse Doublehanded (kun to personar i båten)

1 Amante, skipper Terje Sætre, Nordhordland Seilforening

2 Rubber Duck, skipper Morten Offerdal, Askøy Seilforening

3 Vandal, skipper Bård Singstad, Ran Seilforening

 

Klasse 2 - NOR Rating opp til og med 1,000

1 Skarven, skipper Per Aga, Os Seilforening

2 Kelso, skipper Jon Hardie, Milde Båtlag

3 Kilroy, skipper Kjell Hansen, Nordhordland Seilforening

 

Klasse 3 - NOR Rating 1,001-1,050

1 Promineo Racing, skipper Leif Arild Åsheim, Stavanger Seilforening

2 Winocean, Carl Olav Wickmann, Bergens Seilforening

3 Levens, skipper Willy Forland, Ran Seilforening

 

Klasse 4 - NOR Rating frå og med 1,051 og oppover

1 Furia III, skipper Stig Waagbø, Molde Seilforening

2 Serenity, skipper Fridtjov Bergmann, Bergens Seilforening

3 Blue Dawn, skipper Roy Kenneth Hansen, Bergens Seilforening

 

Resultater Lerwick-Bergen:

Over all-liste for alle klassar

1 Winocean, skipper Carl Olav Wickmann, Bergens Seilforening

2 Kilroy, skipper Kjell Hansen, Nordhordland Seilforening

3 Promineo Racing, skipper Leif Arild Åsheim, Stavanger Seilforening

 

Klasse Doublehanded (kun to personar i båten)

1 Amante, skipper Terje Sætre, Nordhordland Seilforening

2 Vandal, skipper Bård Singstad, Ran Seilforening

3 Rubber Duck, skipper Morten Offerdal, Askøy Seilforening

 

Klasse 2 - NOR Rating opp til og med 1,000

1 Kilroy, skipper Kjell Hansen, Nordhordland Seilforening

2 Mixer, skipper Eivind Tysse, Hardanger Seglklubb

3 Consensus, Harald Hamran, Kragerø Seilforening

 

Klasse 3 - NOR Rating 1,001-1,050

1 Winocean, skipper Carl Olav Wickmann, Bergens Seilforening

2 Promineo Racing, skipper Leif Arild Åsheim, Stavanger Seilforening

3 Levens, skipper Willy Forland, Ran Seilforening

 

Klasse 4 - NOR Rating frå og med 1,051 og oppover

1 X-fram, skipper Jan-Åge Langeland, Nordhordland Seilforening

2 Serenity, skipper Fridtjov Bergmann, Bergens Seilforening

3 Furia III, skipper Stig Waagbø, Molde Seilforening

 

 

 

START: Også stålende sol i vest. Her fra starten av andre etappe på Shetland.