Stiller opp i NM på hjemmebane i gamle hyttebåter
NM Yngling arrangeres i Vågsbygd, Kristiansand 20-21. juni 2026. Klubben har kontroll på 20 Ynglinger hvor 10 er regattaklare.
Det er ikke bare på Askøy at Yngling-miljøet restaurerer eldre Ynglinger. På Vågsbygd satses det på å fikse opp hyttebåter. Foreløpig er det 16 båter påmeldt til Norgesmesterskapet. Fire båter er fra Vågsbygd. Flest båter kommer fra Bergen, syv båter fra Askøy Seilforening og en fra Ran. Her har vi et innlegg sendt inn av Ronny Rognhaugen som både er aktiv i Norsk Ynglingklubb og Vågsbygd Seilforening.
Tilbake som NM-klasse
No er det berre innspurten att før NM. Seilingsbestemmelsene (SI) er på høyring og planen er publisering 1. juni. NSF har skjerpa reglane for eit gyldig NM og no må det vera 15 båtar kvart år. Det er ei utfordring for Ynglingklassen, som er spreidd over heile Sør-Noreg. No har me tre store miljø med rundt 20 båtar i Askøy/Bergen, Færder/Tjøme og Vågsbygd/Kristiansand, i tillegg til stabile miljø i Trondheim, Horten og Gjøvik. Sidan det er VM på Askøy 1-8. august i år, er NM lagt i forkant.
Lokale miljøer
Reisevilja er redusert frå tidlegare og det meste av regattaseglinga skjer lokalt. Norsk Ynglingklubb (NYK) har god økonomi og prioriterer difor reisestøtte til dei som deltek i NM. Etter tap av NM status i 2004 tok det 10 år før me klarte å samla nok båtar år om år. Nedturen kom med OL-status 2004/2008 og oppturen kom med VM på Askøy i 2015. Med eit nytt VM i Tønsberg allereie i 2029 bør det meste liggja til retta for eit meir stabilt miljø.
Gamle båter duger
Nasjonalt og internasjonalt er Yngling kjent for sitt gode miljø. Det har kanskje litt med kostnadsnivået og det faktum at gamle Ynglingar er konkurransedyktige? Og ikkje berre båtane som held seg godt, det same gjer siglarane! I Vågsbygd har me satsa på oppussing av hyttebåtar og studentbåtar, som har hatt eit tøft liv, jamvel omsorgsvikt. Ynglingen er solid og det meste kan ordnast med kjærleik, tid, trevirke og kjemi.
Ung seilforening
VSF er ein relativt ung klubb som vart skipa i 1986, og held til på vestsida av Kristiansand. Yngling har lange og stolte tradisjonar i Kristiansand, og Christianssands Seilforening (CSF) arrangerte det fyrste offisielle VM for klassen i 1979. Siste NM var her i 2011, og planen er å nytta same baneområdet i Vestergapet, med kort veg frå kran, klubbhus og hamn på Bredalsholmen. VSF gjer alt me kan for at NM i år vert eit framifrå arrangement og me tilbyr overnatting under enkle kår i klubbhus og båtar i hamna (Express eller liknande). For meir informasjon og påmelding sjå https://www.manage2sail.com/no/event/NMyngling26#!/
Les også